Obs! Du bruker en svært gammel nettleser. Vi anbefaler å laste ned en moderne nettleser, slik at du kan få en best mulig opplevelse av våre og andres nettsider. Velg ny nettleser her.

Svanhild - 37 pax

Sail away

Sail away!

Det er ei stor glede å kunne invitere til seglas, om bord i den vakre 125 år gamle tomasta  jakta Svanhild.
Svanhild er bygget ved Stangvik i Surnadal 1889,  Skuta er eit flytende nasjonalt kulturminne, men gir moderne mennesker utfordringer og store erfaringer.Eit tokt med Svanhild blir ei oppleving for kropp og sjel, der samhald og individuelle utfordringar gir unike utviklingsmuligheiter for den enkelte og gruppa.

Svanhild har kapasitet til totalt 37 medseilere om bord i lokalfart & 20 medseiler i Europeisk fart. Det er 30 sitteplasser for bespisning under dekk i 2 salonger.

- Standardmeny ombord -

Historien til seilskuten:

Svanhild ble bygd i 1889 på Nordvik i Surnadal på Nordmøre. Konstruktør Jon Børve og byggjar Jo Sjøtrø. Båten vart bygd for brødrene Ola og Johan Drøpping.

Skuta har vorte restaurert ved Hardanger Fartøyvernsenter i perioden 1991 til 1997. Det meste av skroget vart då skifta ut. Skroget og innreiing er no slik det var i 1889, riggen slik den var omlag 1925 (galeasrigg).

Nye segl er sydd i linduk av seglmakar Brodersen i Lyngør.Det er no installert 2 motorar type Perkins SABRE i Svanhild. Kvar er på 182 HK. Lengde skrog o.a. 76 fot + baugspryd. Breidde 21 fot. Djupne 8 fot. Tonnasje ca. 120 tonn. Byggemateriale furu.Original rigg: gaffelrigga jakt med ei pålemast. Storsegl (140 kvadratmeter), toppsegl, fokk, klyver, jager, skværsegl, breifokk.Totalt seglareal var omlag 400 kvadratmeter.

Svanhild blei rigga om til galeas omlag 1925. Seglarealet vart då noko mindre. Første motor, ein 50 Hk Wickmann, vart installert i 1936.


Tidslinje:
1889 - ”Svanhild” vert bygd som Hardanger-jakt (med ei mast) i Stangvik, nær Surnadal på Nord-Møre. Konstruktør: Jon Børve. Båtbyggjar: Jo Sjøtrø.
1926 - Fartøyet vert omrigga til galeas, dvs. får to master.
1936 - Demontering av hovudrigg og montering av ein 50 Hk Wickmann-motor.
1964 - ”Svanhild” grunnstøyter og søkk ved Tautra i Trondheimsfjorden. Heva og sett i drift igjen.
1975 - ”Svanhild” gjer sin siste tur som fraktefartøy og leggast i opplag. To privatpersonar i Kristiansund kjøper seinare båten for tilbakeføring til seglfartøy.
Påske 1983 - Ni pesonar frå Florø med Oddbjørn Hovland og Berit Kjeldsberg i spissen overtek ”Svanhild” og Haugesund vert ny heimehamn. Sparebanken Sogn og Fjordane og Kystmuseet i Sogn og Fjordane kjem også til som medeigarar.
Våren 1985 - ”Svanhild” får heimehamn Florø og eit andelslag overtek båten. Restaurering til seglfartøy.
1985-88 - Jordomsegling.
1989 - ”Svanhild” deltek i filminnspeling av Hamsun sin roman Landstrykere. Båten feirar 100-års jubileum.
1991 - Slippsetting ved Hardanger Fartøyvernsenter i Norheimsund for restaurering i samarbeid med Riksantikvaren.
Haust 94 - Emne til nye master vert hogne ved Frønningen i Indre Sogn.
Juni 1995 - Oppretting av Stiftinga Svanhild. Andelslaget overfører båten til stiftinga.
1995 - Svanhilds Venner vert oppretta for å skape eit aktivt miljø for bevaring og bruk av ”Svanhild”.
September 1995 - ”Svanhild” til Norheimsund for ferdigsilling av restaureringsarbeidet.
Vår 1997 - Tømrararbeidet på ”Svanhild” er ferdig. Skuta vert slept til Florø og fortøydd ved Furuholmen.
Vår 2000 - Stormasta reist.
2001 - Det meste av restaureringa er ferdig.
Des 2001 - Riksantikvaren gjev ”Svanhild” status som verneverdig skip.
Nov 2003 - Installasjon av to Perkins SABRE-motorar (á 182 HK)vert ferdigstilt. ”Svanhild” går for eige maskin for første gong på 12 år.
Sommar 2004 - Fartøyet har mellombels fartssertifikat og går om lag 15 korte turar. ”Svanhild” seglar for første gong på mange år for eigen duk.
April 2005 - ”Svanhild” får fartssertifikat som opplæringsfartøy den 26. april.
Juni 2005 - Deltaking på klippfiskfestival i Bergen. Dette er første lengre tur som nyrestaurert fartøy.

Fakta om jaktegaleas ”Svanhild”Byggeår: 1889

  • Byggestad: Stangvik, Surnadal på Nordmøre
  • ?Konstruktør: Jon Børve
  • Båtbyggjar: Jo Sjøtrø?
  • Byggemateriale: Furu?
  • Lengde: 76 fot + baugspryd
  • ?Breidde: 21 fot  Djupne:8 fot
  • Tonnasje: 57 brutto reg. tonn
  • Motorar: To stk Perkins SABRE, á 182 HK
  • Eigar: Stiftinga Svanhild, Florø
  • Reiar: Kystmuseet i Sogn og Fjordane
  • Rigg: Originalt gaffelrigga jakt med ei pålemast. Storsegl (140 kvadratmeter), toppsegl, fokk, klyver, jager, skværsegl, breifokk. Svanhild blei rigga om til galeas i 1926. Seglareal vart då noko mindre. Totalt seglareal er omlag 400 kvadratmeter.??

Første motor, ein 50 Hk Wickmann, vart installert i 1936.?

Fraktefart langs kysten fram til 1976, deretter rigga om og nytta som lystbåt. Jordomsegling 1985 – 1988.

I Stiftinga Svanhild si eige frå 1995.

Båten er no omlag som i 1889, riggen slik den var i perioden 1926-1936 (galeasrigg).


Maritime Tours AS

  • Postadresse:
    Postboks 2011, Nordnes
    5817 Bergen
    N-Norway
  • Besøksadresse:
    Tollbodalmenningen 1b
    5004 Bergen
    N-Norway
  • Tlf.: (+47) 55 30 80 80
    Fax: (+47) 55 30 80 81
  • E-post:

Design og utvikling av Keyteq AS. Utviklet i KeyPublisher © Keyteq 2010